Dette er ein markant auke frå 2019, og forklaringa ligg for ein stor del i luftvegs­sjukdom og psykiske lidingar, skriv NAV Vestland i ei pressemelding.

Sjukefråværet på 4,8 prosent svarar til over 850 000 tapte dagsverk i Vestland fylke i juli, august og september. Det er to tidelar høgare enn same kvartal i fjor. Begge åra er fråværet vesentleg høgare enn tidlegare år, då snittet låg rundt 4,2 prosent. Tala for Vestland er på same nivå som landsgjennomsnittet.

– Tala vitnar om ein krevjande situasjon i arbeidsmarknaden. Eg er ikkje overraska over at sjukefråværet har auka, men det er urovekkjande at nesten halvparten av auken frå i fjor skuldast psykiske lidingar, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.

Ho viser til nyare forsking som seier at nivået av psykiske plager i Norge er merkbart høgare under pandemien enn det tradisjonelt har vore.

Fråværet aukar mest i helsesektoren

– Noko av forklaringa kan vera at lengre periodar med heimekontor eller ein uviss jobbsituasjon, påverkar folk psykisk. Me veit også at fleire held seg heime med luftvegssjukdom no enn før. Samstundes ser me at muskel- og skjelettlidingar framleis står for ein stor del av sjukefråværet, seier Bogsnes.

Helse- og sosialsektoren og skuleverket er dei sektorane kor sjukefråværet aukar mest. I andre enden av skalaen ligg overnatting, servering og transport som har nedgang frå i fjor.

Slik var utviklinga i sognekommunane:

Kommune 2019 2020 2021 Endringsprosent siste kvartal
Vik 4,3 4,6 5,1 12,3
Sogndal 3,4 3,6 3,8 6,6
Aurland 1,9 2,5 2,2 - 11,4
Lærdal 4,1 5,5 4,0 - 27,2
Årdal 3,8 4,1 4,3 4,6
Luster 3,4 4,8 4,2 - 11,7
Høyanger 5,1 4,6 4,2 - 7,4

Fakta om sjukefråværet i Vestland

  • Kommunar: Høgast fråvær i Fedje (7,4 prosent) og Masfjorden (6,9 prosent)
  • Lågast fråvær i Aurland (2,2 prosent) og Fjaler (3,3 prosent)
  • Årsaker: Muskel- og skjelettplager er årsak til 37 prosent av dei tapte dagsverka. Deretter kjem psykiske plager med 21 prosent og luftvegsplager med nær 8 prosent.
  • Dei eldste arbeidstakarane har høgare sjukefråvær enn dei yngre.