Gå til sidens hovedinnhold

Sjøulykke i Flekke – 11 personar involvert

Naudetatar jobbar på staden.

FIRDA: Klokka 11.30 fekk politiet inn melding om ein kollisjon mellom to båtar i Flekke.

– Det er ein motorbåt og ein trøbåt som er involvert, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt Terje Magnussen.

Vest politidistrikt skriv på Twitter at det er totalt 11 personar involvert i hendinga. Alle personane skal vere gjort reie for.

Ein person er meldt skadd, men det er uvisst kva skadeomfanget er. Personen skal ha sete i trøbåten.

– Ingen av personane skal ha vore i sjøen, seier Magnussen.

Kommentarer til denne saken