Me veit at det finst mange av Sogn Avis sine eldre abonnentar som ikkje har tilgang på internett, og som mest truleg heller ikkje kjem til å ta i bruk den digitale formidlinga av nyhende.

For dei vil det som står i papiravisa også vera siste nytt, sjølv om det stod på nettet for fleire dagar sidan.

Slik har det vore, slik er det, og slik vil det nok også vera framover for mange. Heldigvis har dei fleste eldre fjernsyn og radio som dei kan sjå og lytta til, slik at dei klarer å følgja med i nyhendebiletet som no er i endring frå time til time, dag til dag.

Me i Sogn Avis skal så langt som mogleg syta for at også abonnentar som ikkje kan følgja med på sognavis.no, skal få både god, brei og viktig informasjon om den heilt spesielle situasjonen me står oppe i.

Informasjonsplikta vår stoggar ikkje på verdsveven, men skal varetakast også i papirpressa. Så lenge pressa går.

For med alle restriksjonar, karantenar, folk som kan bli sjuke i både avisproduksjon og distribusjonsledd, så har heller ikkje me garanti for at papiravisa kjem fram til lesarane.

Me veit heller ikkje om styresmaktene kan koma med smitteverntiltak som medfører at papiravisa ikkje lenger kan sendast ut med post eller bod.

I skrivande stund er det ikkje slik. Risikoen for å bli smitta av papiravisa er minimal. Alle aviser vert produsert industrielt, altså av maskiner. Dei blir pakka på trykkjeriet og er i plast under transport. Ingen tek i dei før avisboda får dei og dei brukar hanskar.

Likevel er det viktigare enn nokon gong at alle dei som vil halda seg oppdatert på det som lokalavisa skriv om, no må syta for at dei skaffar seg ein aID. Me har ingen garanti for distribusjonen likevel kan stogga opp enkelte stader på grunn av sjukdom og karantene.

Då treng du som tingar ein brukartilgang på nettet, altså ein aID, slik at du kan lesa den digitale utgåva av papiravisa.

Også for oss i Sogn Avis har koronaviruset skapt ein utfordrande og spesiell situasjon. Me har folk som har vore på reise og som no sit i karantene, og me har tatt i bruk heimekontor for å syta for at flest mogleg held seg friske lengst mogleg.

Ein liten gjeng av oss er fysisk på jobb slik at me kan styra den daglege nyhendeproduksjonen til nett og papir.

Lokala har me stengt for besøk, og me tek alle forholdsreglar når me er ute for å gjera intervju og lage saker. I langt større grad enn før har me teke i bruk telefonintervju og kreative løysingar på biletfronten. Likevel er me ikkje meir naive enn at me trur det lumske viruset også vil råka nokon i vår stab.

Ingen veit kor lenge me skal leva og jobba i den unntakstilstanden me har no, men me veit at dette er ikkje noko som bles forbi i morgon, i overmorgon eller neste veke.

Informasjonsbehovet er stort. Nasjonale og lokale nyhende blir konsumert frå tidleg morgon til sein kveld.

Me i Sogn Avis vil gje deg dei viktigaste av dei nasjonale og alle dei lokale.

Det er også viktig at me midt i det unormale klarer å halda fast i det normale. At me kan skriva om andre nyhende og saker, fortelja om kvardagslivet til folk, formidla alt det positive som også skjer trass unntakstilstanden som landet og lokalmiljøet er i no.

Ei oppmoding frå oss er at alle lesarar som ser eller høyrer noko spesielt, som opplever noko spesielt både positivt og negativt, sender oss bilete og tips på [email protected]

Eg tykkjer det er veldig flott at du elskar papiravisa di, men akkurat no er det faktisk lurt at du aktivt skaffar deg ein digital partnar om ikkje du allereie har gjort det.

Me vil sjølvsagt gjerne også ha med fleire i familien, og vil du inngå ei forloving så kostar ikkje ringen meir enn fem kroner for fem veker.

Då håpar me den verste koronatida er forbi, men at også du har blitt så glad i den digitale lokalavisa di at du forseglar ekteskapet.