– Me har ikkje vore ute på noko i Sogn, og det er ganske sjeldan. Det er lenge sidan, som eg kan hugsa, at det har vore så stille, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Det einaste han har å melda om frå politiloggen, er ein påkøyrd hjort på Kaupanger. Men det rykka ikkje politiet ut på, det var viltkontakten som tok seg av det.

I heile distriktet har det vore uvanleg roleg natt til laurdag, og det einaste som er meldt frå gamlefylket er litt støy i Florø.

Der gjekk det litt voldsomt for seg på ei privatadresse, og politiet rykte ut etter melding om bråk klokka 23.57 fredag.

– Mykje brøling og roping, uvisst om nokon trengde hjelp, skriv politiet på Twitter.

Då patruljen kom fram viste det seg å vera nokre kompisar som såg fotballkamp på TV og har vore i overkant engasjerte.

– Men god stemning, konkluderte politiet.

Elles har politinatta vore prega av nokre meldingar frå Bergen om uro, rus og slåsting, men ikkje noko meir enn det Rebnord reknar som ei roleg helg.