Sjekka bilbeltebruk i Sogndal og Luster

Publisert 12.01.2018 kl. 06.15. Oppdatert kl. 06.20.

208 lette køyretøy vart kontrollerte då fire kontrollørar frå vegvesenet sjekka bruk av bilbelte torsdag ettermiddag og kveld. Kontrollen gjekk føre seg på Kaupanger, Sogndal, Hafslo og i Gaupne. Av dei 208 køyretøya vart 77 stogga for ein grundigare kontroll.


Dette resulterte i at det vart skrive ut mangellapp på 13 køyretøy. Eitt køyretøy vart avskilta fordi det ikkje var omregistrert, medan eitt fekk bruksforbod grunna dårlege dekk.


Ein av sjåførane vart meld til politiet fordi han mangla førarrett. Det vart skrive ut to gebyr for manglande førarkort, eitt fordi det mangla vognkort og tre gebyr grunna feil på dekk.