Sjekk foreldra sin Liverpool-inspirerte hyllest til Årdal-spelarane

Spelarane på Årdal FK blei overraska under den årlege fotballfesten.

Publisert 21.10.2019 kl. 15.12.

- Spelarane smilte og lo. Det er jo ei veldig bra og fengjande låt, seier tekstforfattar Marit Bukve, som hadde skrive om 60-tals-hiten «Sugar, Sugar» av The Archies.


Bukve seier at ho fann inspirasjon til songen etter at ho høyrte Liverpool-sangen om Salah. 


- Me hadde ikkje laga noko i år og tenkte at me måtte ta det litt med ro. Så høyrte eg denne låta og tenkte at me måtte få til ein song i år også.


I likheit med Liverpool-fan Richy Sheehy sin «We´ve got Salah»-versjon, har også Bukve nemnt samtlege spelarar i låta. Songen er mellom anna spelt inn i lydstudio på Hugin Musikkforum. Andreas Aannevik har stått for produksjon. Elin Hæreid har følgd mødrene gjennom linsa i dette prosjektet.


- Dette er jo eit bidrag for å styrka fellesskapet. Det treng me no når me skal opp i 3. divisjon. Me må vera enda flinka å støtta kvarandre. Så dette er ein hyllest til gutane og at me ale saman er viktige og ein del av felleskapen.


Bukve seier dei brukte om lag ei veka på å laga musikkvideo og spela inn låta.


- Det er ein veldig bra gjeng som er med. Fedrene bidrog også. Det å få med Stein Arne (Larsson, fengselsprest i Vik, journ. anm.) løfta oss mange hakk. Bidraget hans var kjempebra, seier Bukve.


- No spelte dikka inn musikkvideo i fjor og gjentok suksessen i år. Er det blitt ein tradisjon dette?


- For å seia det slik, ei av dei nye møderene som er med var klar på at me må starta allereie no med å planleggja neste års fest. Så det er ingen fare med det.


Årdal FK feira opprykket til 3. divisjon med fotballfest på Klingenberg hotell laurdag. 


- Det var ein kjekk kveld og så mykje artig underhaldning på programmet. Det seier noko om at me er ein godt samansveisa klubb. Det er mange som vil bidra og mange som står på. Eit godt fellesskap i botn er bra for ein klubb. Så må me takka Hugin Musikkforum for at me fekk låna studio og Andreas Hillestad Aannevik for produksjon.


Sjekk fjorårets hyllest til ÅFK-spelarane.


Les meir om: Sport Fotball Årdal