Sjåføren sat på bilbeltet

DEL

Eitt vogntog fekk bruksforbod for sikthindring i frontruta, og dårleg lastesikring samt pålegg om å reparera fartsskrivar under ein kontroll hjå Statens vegvesen på Håbakken i Lærdal. I tillegg fekk føraren gebyr for ikkje å nytta bilbelte under køyring. Sjåføren sat med bilbeltet under seg i setet for at varselet ikkje skal lysa.

Det var 59 bilar innom kontrollplassen, av dei var 15 kontrollerte nærmare.

Tre firma vert rapporterte til føretakskontrollen då dei har diverse brot på køyre og kviletida. To vogntog måtte lasta om då dei var lasta ut over teknisk lovleg last på køyretøya.

Ein førar vart meld for å ikkje stoppa for kontroll. I tillegg var lastebilen overlasta, og måtte lasta om før vidare køyring. Ein anna førar vart også meld for å ikkje stoppa. Der var det mange manglar i tillegg: ikkje gyldig bombrikke, ikkje kalibrert fartsskrivar, mangla vognkort og bilen var seld utan å verta omregistrert.

Ein førar hadde fått bruksforbod på ein tidlegare kontroll i Bergen på laurdag fordi det var for langt. Då det kom til Lærdal vart det stogga på nytt, og meld for å ikkje ha ordna opp.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken