Gå til sidens hovedinnhold

Sjåføren ombestemte seg og kom til kontroll likevel – det angrar han garantert på

Det var ikkje berre enkelt å driva kontroll med manuell dirigering.

– Det var utfordrande og vanskeleg å driva kontroll på Håbakken i kveld, sidan vegarbeid med manuell dirigering på alle innfartsvegar og dessutan lysregulering ved krysset til kontrollstasjonen gjorde at det vart kø og trafikkproblem til tider, seier Jan Ove Bjørgum i Statens vegvesen.

Det var vegarbeid både på oppsida og nedsida av rundkøyringa, noko som gjorde at det stundom korka seg. Likevel syner rapporten at kontrollørane fekk 191 tungekøyretøy over kontrollplassen, der tre av dei vart sjekka grundig.

– Eit vogntak køyrde forbi kontrollskilta, men føraren ombestemte seg og snudde i rundkøyringa og kom attende. Han vart kontrollert og det resulterte i køyreforbod inntil bord og anna utstyr var fjerna frå siktsona, er konklusjonen.

I tillegg fekk eit vogntog merknad for teknisk mangel på eksoslekkasje medan eitt vogntog hadde overlast. Det resulterte i over 6000 kroner i gebyr og firmaet måtte skaffa dispensasjon før sjåføren fekk køyra vidare.

Kommentarer til denne saken