Sjåfør var så oppteken med mobilen at han ikkje såg politiet som vinka

Mobiltelefonen tok all merksemda til bilføraren.

DEL

Torsdag kveld hadde politiet promillekontroll på rv. 5 i Sogndal, i 70-sone med gatelys.

45 vart kontrollerte for promille. Éin fekk gebyr for ha gløymt å ha med seg førarkortet.

Det politiet ser mest alvorleg på, er ein førar som vart meld og fekk førarkortet inndrege.

– Han var så oppteken med mobiltelefonen at han ikkje såg at han vart vinka inn til kontroll, opplyser politioverbetjent Svein Inge Harberg, og legg til at føraren erkjende forholdet.

Artikkeltags