Sjåfør måtte fjerna bamse då vegvesenet heldt kontroll

Statens vegvesen hadde nok å henga fingrane i, då dei hadde kontroll i Lærdal.

DEL

(Firda:) Totalt vart 92 køyretøy innom kontrollstasjonen på Håbakken ved E16 onsdag. Ni av køyretøya vart kontrollert nærare, og sju av desse fekk bruksforbod.

Mellom anna sjåføren som fekk eit gebyr på 16.700 kroner for overlast, fordi han ikkje brukte vogntoget på rett måte.

– Han køyrde rundt med akslingar løfta opp frå bakken slik at belastninga på vegen vart for stor, står det i kontrollrapporten.

Måtte fjerna bamse

Også eit anna vogntog fekk gebyr for overlast og kan vente seg ei rekning på 3350 kroner. I tillegg mangla førar dokument som ein er pålagd å ha med seg når ein køyrer. Vogntoget hadde heller ikkje betalt vektårsavgift, opplyser Vegvesenet.

Ein spesialtransport fekk beskjed om å merke transporten sin betre før han fekk køyre vidare. Følgjebilen fekk også beskjed om at den var for dårleg utstyrt og at sjåføren måtte fjerne det som skjulte registreringsnummeret på bilen.

I tillegg måtte ein bamse i frontruta fjernast fordi han hindra sikta.

Vegvesenet sjekka også om vogntoga var godt nok rusta for å køyra på vintervegane. Der var det ingenting å setja fingeren på, står det i rapporten.

– Det var mange blide og flinke sjåførarar i dag, seier Torgeir Bang i utekontrollen til Vegevesenet i Lærdal.

Då kontrollørane opna døra, fossa det ut

Benedicte (23) er yrkessjåfør: – Me har mykje ansvar og er utsette for ulukker

Artikkeltags