Årdal FK og Fjøra møter kvarandre til toppkamp i 4. divisjon på Jotun stadion fredag ettermiddag.

Årdølene toppar tabellen etter å ha plukka 22 poeng på sine åtte første seriekampar, medan rivalen frå Sogndal følgjer like bak med to pinnar mindre på kontoen så langt.

Radl-redaksjonen kommenterer

Begge laga jaktar opprykk til nivået over, og sjansen er god for at dei som vinn denne kampen toppar tabellen når laga snart tek sommarferie.

Dermed er det mykje som står på spel, og i det biletet køyrer me på litt ekstra i vår dekning av oppgjeret. Kampen blir sendt direkte her på Sogn Avis sine nettsider frå klokka 19, og skal kommenterast av karane i podkasten Radl om badl, Endre Romøren og Morten Sortland.

Overlegne

Fjøra spelte kamp seinast på tysdag, då Høyang var motstandar heime på Fosshaugane Campus.

Dei raude levde opp til favorittstempelet, og vann til slutt 6–1. Ulrik Flo scora dei fire første måla for heimelaget, Mathias Flo ordna det femte, medan innbytar Mathias Flo ordna nummer seks ti minutt før full tid.

Trøystemålet til Høyang blei sett inn av Daniel Skilbrei Aven.