Det viser primærsøkjartala til Vestland fylkeskommune.

Tala syner førstevala til elevane som søkjer på vidaregåande opplæring med oppstart hausten 2020. Det er ulike tal på plassar i klassane. Opplæringskontoret kan justera kor mange plassar det er i ein klasse etter behov og prioriteringar.

Oversikta over primærsøkjartala til alle linjene ligg i dei to tabellane lenger ned i saka.

Nasjonale trendar

På landsbasis er det 205 800 elevar som søkjer på vidaregåande skule i 2020.

I år er det omtrent 500 fleire søkjarar til de yrkesfaglege utdanningsprogramma på Vg1, samanlikna med de studieførebuande programma.

– Det finst veldig mange spanande vegar i vidaregåande, og eg er spesielt glad for at så mange unge vel yrkesfag. Elevane har lyst til å arbeida i praktiske, kreative yrke der de får brukt både hovudet og hender, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

Av yrkesfaga er helse- og oppvekst det mest populære for de som søkjer seg til Vg1.

Kunst, design og arkitektur er det utdanningsprogrammet med størst auking i søkjartal med 12 prosent fleire søkjarar på Vg1 samanlikna med fjoråret.

– Vel du yrkesfag, opnast mange dører ved at du får deg kompetanse som er etterspurd i arbeidsmarknaden, du kan koma deg raskt i jobb og få løn som lærling. Samstundes har du moglegheit til å ta påbygg dersom du ynskjer å studera, seier Melby.

Vel tradisjonelt

Det er store forskjellar i søkjemønsteret til gutar og jenter. Gutar dominerer i svært stor grad blant søkjarar til bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, og teknikk og industriell produksjon, sjølv om stadig fleire jenter også søkjer disse programma.

Søkjartala syner også at det er 20 700 søkjarar til læreplass, som er ei auke på 350 søkjarar samanlikna med fjorårets søkjartal. Dette er berre elevar som har søkt læreplass som første ynskje gjennom søkjarporten VIGO.

– Eg vil at endå fleire som byrjar i vidaregåande opplæring også fullfører og består. No gjer me vidaregåande opplæring meir framtidsretta og relevant for elevar og lærlingar, og ikkje minst så møter me arbeidslivet sine behov betre. Elevane kan i større grad spesialisera seg det første året på yrkesfag, og har moglegheitene til å læra eit yrke i verkstaden på skulen eller ute på arbeidsplassen. Det trur eg er kjempebra for mange som er leie av å sitja inne i eit klasserom, seier kunnskapsministeren.

Søkjartala i Indre Sogn


Sogndal vidaregåande skule



Vg Linje Retning Søkjarar
1 Bygg- og anleggsteknikk Bygg- og anleggsteknikk 45
1 Elektrofag Elektrofag 30
1 Helse- og oppvekstfag Helse- og oppvekstfag 42
1 Idrettsfag Idrettsfag 44
1 Medium og kommunikasjon Medium og kommunikasjon 15
1 Restaurant- og matfag Restaurant- og matfag 7
1 Sal, service og reiseliv Sal, service og reiseliv 16
1 Service og samferdsel Service og samferdsel 2
1 Teknikk og industriell produksjon Teknikk og industriell produksjon 29
2 Bygg- og anleggsteknikk Byggteknikk 20
2 Bygg- og anleggsteknikk Anleggsteknikk 18
2 Bygg- og anleggsteknikk Klima-, energi- og miljøteknikk 14
2 Elektrofag Elenergi 19
2 Elektrofag Data og elektronikk 10
2 Helse- og oppvekstfag Barne- og ungdomsarbeidarfag 26
2 Helse- og oppvekstfag Helsearbeidarfag 22
2 Idrettsfag Idrettsfag 19
2 Medium og kommunikasjon Medium og kommunikasjon 14
2 Service og samferdsel Sal, service og sikkerheit 18
2 Service og samferdsel Transport og logistikk 12
2 Teknikk og industriell produksjon Køyretøy 13
3 Elektrofag Dataelektronikarfaget 18
3 Idrettsfag Idrettsfag 26
3 Medium og kommunikasjon Medium og kommunikasjon Vg3 11
1 Studiespesialisering Studiespesialisering 78
2 Studiespesialisering Realfag 41
2 Studiespesialisering Språk, samfunnsfag og økonomi 48
3 Studiespesialisering Realfag 31
3 Studiespesialisering Språk, samfunnsfag og økonomi 57


Totalt 745

Årdal vidaregåande skule

Vg Linje Retning Søkjarar
1 Elektrofag Elektrofag 12
1 Teknikk og industriell produksjon Teknikk og industriell produksjon 12
2 Elektrofag Automatisering 6
2 Service og samferdsel Sal, service og sikkerheit 6
2 Teknikk og industriell produksjon Kjemiprosess 13
2 Teknikk og industriell produksjon Industriteknologi 5
3 Elektrofag Automatiseringsfaget 14
3 Påbygging til generell studiekompetanse Generell studiekompetanse 19
3 Påbygging til generell studiekompetanse Påbygging til generell studiekompetanse 10
1 Studiespesialisering Studiespesialisering 25
2 Studiespesialisering Realfag 7
2 Studiespesialisering Språk, samfunnsfag og økonomi 18
3 Studiespesialisering Realfag 7
3 Studiespesialisering Språk, samfunnsfag og økonomi 17


Totalt 171

Regjeringa satsar på yrkesfag

Regjeringa har i budsjettet for 2020 auka utstyrsstipendet for elevar i vidaregåande opplæring med 25 millionar kroner.

Regjeringa har også sett av 5 millionar kroner til å greia ut eit nasjonalt lærlingtorg som skal matcha bedrifter som leitar etter lærlingar og elevar som leitar etter lærebedrift.

Det er innført eit nytt, praktisk og arbeidslivsretta handverksfag som valfag i ungdomsskulen. Målet er å gjera elevane betre kjent med kva ulike yrke faktisk inneber, slik at dei er betre rusta til å velja utdanningsprogram på vidaregåande skule.

Lærlingtilskotet er også auka med nær 25.000 kroner per kontrakt sidan 2013. I tillegg er det innført krav om bruk av lærlingar for å vinna offentlege anbod.

Våren 2021 kjem ei ny stortingsmelding om gjennomføring, innhald og struktur i den vidaregåande opplæringa.

Regjeringa har som mål at 9 av 10 skal fullføra og bestå vidaregåande opplæring innan 2030.