Sjå årets første episode av podkasten Radl om badl direkte på Facebook

NY SESONG: Endre Romøren og Morten Sortland er klare med ein ny episode av podkasten Radl om badl tek til i ettermiddag. Den blir sendt direkte på Facebook.

NY SESONG: Endre Romøren og Morten Sortland er klare med ein ny episode av podkasten Radl om badl tek til i ettermiddag. Den blir sendt direkte på Facebook. Foto:

Fotballen har stoppa opp, men det går likevel an å laga podkast.

DEL

Etter ein vinter og vår i hi gjer podkasten Radl om badl comeback i ettermiddag, i spesialversjon.

Endre Romøren og Morten Sortland har invitert Håvard Flo og Ivan Øy som gjester, i ein episode som blir sendt direkte på Facebook i samarbeid med Norsk Journalistlag Sogn og Fjordane.

Sendinga kan du sjå her frå klokka 19.

Flo og Øy er begge æresgjester i podkasten. Flo er med for fjerde gong, medan Øy fullbyrdar sitt hat-trick.

Dei to spelte saman i Sogndal tidleg på 90-talet, deretter blei Flo stjerne i utlandet, medan Øy blei legende i Årdal.

Me har tenkt å snakka med dei to om korleis dei har det i eit fotballfritt liv, det blir mimring frå gamle dagar, og kanskje dukkar det opp fleire historier om Harald Aabrekk og Felix Magath også.

Artikkeltags