HÅKONSHALLEN: Tysdag 15. oktober skal Vestland fylkesting konstituerast. Same kveld blir det høgtidleg markering i Håkonshallen. (Foto: Richard Mortel/Wikimedia Commons)

Sjå kven som får vera med på den historiske markeringa for Vestland

Vestland fylkesting blir konstituert tysdag 15. oktober, i starten av det to dagar lange møtet. Til den høgtidlege markeringa i Håkonshallen same kveld er det òg gjort rom for ti innbyggarar frå Vestland.

Publisert 10.10.2019 kl. 15.30. Oppdatert kl. 15.51.

- Sjølvsagt måtte me invitera med ti innbyggarar frå det flotte nye fylket vårt. Dette blir ein kveld for historiebøkene, seier leiar og nestleiar av fellesnemnda, Anne Gine Hestetun og Jenny Følling.


Dei to fylkesordførarane har leia arbeidet med samanslåinga av dei to fylka fram til konstitueringa.


Talar, underhaldning og ny fylkesordførarkjede

Det blir både talar, underhaldning og god mat under den høgtidelege markeringa i Håkonshallen. Eit stort historisk augeblikk blir det når den nye fylkesordføraren får på seg den nye fylkesordførarkjeda for første gong. 


Dei heldige ti innbyggarane som får sjå det og vera med på markeringa av Vestland er:


Per Normark, Vaksdal  


Mariann Hatlenes, Stårheim     


Svein Rune Gimmestad, Sandane          


Kaspar Knudsen, Bergen         


Ragnhild Midtbø, Florø


Jørgen Røsavåg Nesje, Stryn  


Håvard Lunde, Uskedalen        


Emil Brimsholm, Bergen           


Øivind Rasmussen, Bergen      


Knut Henning Litsheim, Kyrkjebø         


Det var i midten av september at innbyggarane i Hordaland og Sogn og Fjordane vart inviterte til å bli med i Håkonshallen. Dei som hadde lyst å bli med sende e-post for å melda si interesse, og dei ti over blei så trekte ut ved loddtrekning.


Stiller i vossabunad

Ragnhild Midtbø frå Nordalsfjorden i Flora gler seg. Ho er fødd på Evanger i Voss og budde der dei første 24 åra av livet sitt. No har ho budd over 40 år i Nordalsfjorden. I Håkonshallen stiller ho i vossabunad.
 
- Dette blir ei oppleving å få vera med på, og på historisk grunn. Eg tykkjer det er veldig positivt at desse fylka no blir slått saman. Me har det same vestlandske folkelynnet, og eg tykkjer det er ei positiv utvikling i begge fylka, seier Midtbø.
 
Kaspar Knudsen frå Bergen er ein av dei andre som er trekte ut. Han jobbar som journalist i lokalavisa Bygdanytt i Arna og Osterøy, og blei interessert då e-posten om ti publikumsplassar i Håkonshallen dukka opp.
 
- Eg tenkte «kvifor ikkje?», og eg trur det blir ein spennande og kjekk kveld. Det kan jo også vere interessante folk å snakke med der med tanke på jobben min, seier han.

Over 200 gjestar

Det blir til saman over 200 gjester i Håkonshallen 15. oktober. Både nye fylkespolitikarar for Vestland og dei sitjande i Hordaland og Sogn og Fjordane er inviterte.
 
Det er også alle ordførarane frå dei 43 kommunane i Vestland, representantar frå næringsliv, organisasjonar og frivilligheita. Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland deltek på markeringa, og det blir helsingar frå både ho og ei rekke andre.
 

65 representantar

Til saman 65 representantar tek plass i det nye fylkestinget. 44 prosent av representantane er kvinner, og 55 prosent er menn. 
 
Det største partiet i det ny fylkestinget er Arbeidarpartiet med sine 14 mandat. Deretter følgjer Høgre med 12 og Senterpartiet, som også har fylkesordføraren, har 10 mandat.

Siste saker Gå til framsida