Sjå korleis mødrene heidrar Årdal FK-spelarane

Stolte mødrer overraska spelarane med ellevill hyllest. Sjå musikkvideoen her.

Publisert 14.10.2018 kl. 21.00.

- Me har hatt det veldig, veldig moro med denne filmen, seier Beate Sem-Johansen, fotballfrua til trenar Ivan Øy og mor til Edin og Leander.


Sem-Johansen seier at mødrene i tradisjon tru alltid har hatt eit innslag under dei årlege fotballfestane, og det var ingen unntak i år.


- Me har alltid funne på noko sprell og måtte jo gjera noko i år også. Det var slik ideen om ein musikkvideo vart til.


Marit Bukve er tekstforfattar på låta. Ifølgje Sem-Johansen er ho einaste som kan syngja av mødrene.


- Men me andre prøver så godt me kan, og det har gått med mange timar med øving.


Og det er litt av eit proft opplegg, mødrene har køyrt i år.


Songen er mellom anna spelt inn i lydstudio på Hugin Musikkforum. Andreas Aannevik har stått for produksjon og melodi, medan Alf Magne Hillestad har stått for miksinga.


Elin Hæreid har følgd mødrene gjennom linsa i dette prosjektet.


- Det er ikkje noko tull. Stjerner jobbar med stjerner, sånn er det berre, seier Sem-Johansen, som kan fortelja at dei har fått berre gode tilbakemeldingar på musikkvideoen.


- Det er ikkje mykje eg kvir meg til her i livet, men dette var noko som eg grua meg til å visa fram. Eg kan ikkje syngja, så eg var dritnervøs, men det gjekk fint og folk var nøgde. 


Filmen har også blitt delt mange gonger på Facebook, og kommentarane renn inn.


- Heldigvis er eg på jobb, så eg slepp å sjå alt som blir skrive for eg blir så flau. Men me må jo skapa litt liv rundt gutane våre.


 


Les meir om: Sport Video Fotball Årdal

Siste saker Gå til framsida