Sivilforsvaret testar varslingsanlegga

Publisert 11.06.2019 kl. 18.29.

Onsdag 12. juni klokka 12.00 testar Sivilforsvaret signalet "Viktig melding - lytt på radio" i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.


Sivilforsvaret testar kvart år vaslingsanlegga i janur og juni. Signalet blir sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Signalet betyr i praksis at du skal søkja informasjon i for eksempel radio, TV, kriseinfo.no og sosiale media.


Rundt om i landet er det om lag 1.250 varslingsanlegg med sirener som skal varsle befolkninga ved akutt fare. Varslingsanlegga kan bli brukt i både fred og krig for å varsle befolkninga ved akutt fare.


- I fredstid kan varslingsanleggene mellom anna brukast ved industriulukker med påfølgjande utslepp av giftige eller farlege stoff. Medan i krig kan anlegga brukast ved fare for flyangrep, seier direktør Cecilie Daae i DSB.


Sivilforsvaret tester tyfonene for å sjekke om dei virkar, og reparera dei som ikkje fungerer.


Les meir om: Nyhende