Sivilforsvaret testar varslingsanlegg onsdag

Sivilforsvaret vil onsdag 13. januar testa dei 1.250 tyfonane i landet for å sjekka om dei fungerer.

DEL

Onsdag 13. januar klokka 12 testar Sivilforsvaret signalet «Viktig melding – søk informasjon» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.

Det opplyser Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i ei pressemelding.

Sivilforsvaret pleier å testa varslingsanlegga fast i januar og juni kvart år. Signalet blir sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane.

– Varslingsanlegga er stort sett plasserte i byar og tettstader, og signala kan høyrast av over halvparten av befolkninga, seier fungerande sjef for Sivilforsvaret, Sigurd Heier.

Tyfonar blir brukte for å varsla befolkninga om akutt fare.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken