Sivert Mannsverk, Eirik Lereng og Leander Øy er gjestene i den aller nyaste episoden.

Sivert kan sjå tilbake på ein fantastisk sesong som enda med både cup- og seriegull for Molde. Bestekamerat Eirik har hatt det litt tøffare i Sogndal og er no på klubbjakt. I Sarpsborg går det ein sogning og smiler frå øyre til øyre etter å ha debutert i eliteserien.

No har trioen juleferie heime i Årdal, og i podkasten får me høyra om livet utanfor bana, dei sterke damene i livet deira og ikkje minst blir det alvor når Leander opnar opp utfordringane han har møtt på.

I denne episoden får du føla på heile kjensleregisteret.

Podcasten kan du lytta på her i nettlesaren, SoundCloud og i iTunes.

Les også

Nålauga mellom dei to barndomsvenene er av den tronge sorten