NOMINERT: Sivert Mannsverk var nominert til Årets gjennombrot i 1. divisjon. (Skjermdump: Sogndal Fotball)

Sivert (17) var nominert til Årets gjennombrot

Publisert 03.12.2019 kl. 09.43.

Sivert Mannsverk var nominert til prisen som Årets gjennombrot i 1. divisjon i 2019-sesongen, då Fotballfesten blei arrangert i regi av Eurosport måndag.

17-åringen frå Årdal vann ikkje, då denne gjekk til Sandefjord-spelaren Anton Kralj. Mannsverk skreiv proffkontrakt med Sogndal framfor årets sesong, og enda opp med å spela 13 kampar frå start på nest øvste nivå. I tillegg fekk han tre innhopp frå benken.


Les meir om: Sport Sogndal Fotball