Marius Årestrup Larsen (17) gjekk til topps under Vestlandsmeisterskapen i skiskyting på Voss laurdag. (Foto: Kåre Espeland)

Vikjene sikra seg to gull på Voss

Beit godt i frå seg under Vestlandsmeisterskapet i skiskyting laurdag.

Publisert 12.02.2017 kl. 11.27. Oppdatert kl. 11.28.

I klassen 17 år gjekk Marius Årestrup Larsen til topps på normaldistansen, etter å ha skote den sterke serien 1-1-2-1.


- Det var eit bra løp. Eg gjekk godt på ski, og det fungerte på standplass. Det er moro å få det til, seier Larsen, som eigentleg planla å finna formtoppen når noregscupen står på programmet neste helg.


- Det er den eg siktar mot, men det gjer at eg har trent bra dei siste vekene, og dermed funne formen, seier han.


Finden vann

 


Også i klassen over blei det vikjasiger. Ragnar Finden enda opp med åtte bom, men heldt god fart i løypa og sikra seg med det sigeren.


Utøvarane under 13 år får ikkje medalje, men Vik hadde uansett to vinnarar lenger ned i rekkjene:


Madelen Fosse Skagen vann klassen for 11-åringar med den gode skyteserien 1-1, medan Jon Bjarte Rinde leverte den same rekkja i klassen for dei 11 år gamle gutane.


Les meir om: Sport Skiskyting Vik

Siste saker Gå til framsida