FØRST UT: Vik Idrettspark blir saman med Fjaler og Eid først med å få på plass nye skorister til å samla opp gummikuler frå kunstgrasbanene. (Arkivfoto)

Vik først ut med skorister mot mikroplast

Til våren får idrettsparkane i Vik, Fjaler og Eid nye skorister til å samla opp gummikuler frå kunstgrasbanene.

Publisert 24.12.2018 kl. 13.02.

Tiltaket er finansiert av fylkeskommunen, fotballforbundet, Sparebanken Vest og Sparbanken Sogn og Fjordane.


Godt i gang

Fokuset på mikroplast og skadane for miljøet har vore stort det siste året.


«Med tanke på idretten sitt ansvar for å avgrensa problemet har NFF Sogn og Fjordane, fylkeskommunen og sparebankane teke grep for å minimera avrenning av gummikuler frå kunstgrasbaner», skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.


Tiltaket som vart lansert i haust, gjekk ut på å installera filter i avløpskummane rundt kunstgrasbanane, slik at ein kunne fanga opp og resirkulere gummikuler som hamna utanfor bana.


«Dette arbeidet er godt i gang, og me har som målsetjing at alle kunstgrasbanene i fylket skal ha slike filter montert til sesongen er i gang i 2019».


Skorister mot gummikuler

No presenterer samarbeidspartane eit nytt steg i satsinga.


«Gjennom bidrag frå sparebankane, fylkeskommunen og baneeigarane, installerer me no nye inngangssluser med skorister ved tre kunsgrasbaner. Skoristene gjer at spelarane får gummi av sko/klede før dei forlét bana. For at tiltaket skal vera effektivt, må trafikken til/frå bana gå naturleg over ristene og bana må ha gjerde og ballfangarnett rundt. Difor er idrettsparkane i Fjaler, Vik og Eid valde. Her vil slusene med skorister vil bli montert i løpet av våren 2019».


Bankar bidreg

Det er sett av 510.000 kroner til prosjektet. 255.000 kr av desse er tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune si tilskotsordning til klima og miljøtiltak, som eitt av tiltaka i den nye Regional plan for klimaomstilling, og baneeigarane sin eigendel er på 120.000 kroner.

«Det er òg gledeleg at både Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane (via sparebankstiftingane) ser verdien av tiltaket og bidreg i fellesskap med 135.000 kroner til prosjektet», heiter det i pressemeldinga.


Siste saker Gå til framsida