VINNAREN: Gard Reppen Vigdal vann rennet i G16-klassen i dagens SSF Cup på Seimsåsen. (Foto: Privat)

Vigdal kom seg kjappast gjennom løypene på Seimsåsen

Sigra på "heimebane".

Publisert 17.03.2019 kl. 13.24. Oppdatert kl. 15.23.

Gard Reppen Vigdal kom seg kjappast gjennom den fem kilometer lange løypa i klassisk stil i G16-klassen då det blei arrangert SSF Cup i langrenn på Seimsåsen søndag.


Jotun-løparen brukte 15.45 på å koma seg i mål, og var med det 20 sekund framfor André Aske Granheim frå Fjellhug/Vereide IL.


Raskaste deltakar totalt på denne lengda kom i årsklassen under, der Elias Amsrud Husa brukte 15.35.


I 13-årsklassen - der det blei gått tre kilometer - blei sogndølen Isak Bøthun vinnaren med den gode tida 9.55. Vebjørn Orheim Mundal frå same klubb tok andreplassen i G11, medan Ida Susanne Supphellen sikra seg tredjeplass i J12.


I 14-årsklassen var påmeldinga best med åtte deltakarar. Her gjekk Sigve Hafstad Ottesen til topps med tida 10.05, medan Jørgen Sekse frå Hafslo sikra seg andreplassen elleve sekund bak.


 


 


 


 


 


 


 


Les meir om: Sport Langrenn Årdal