MÅ VENTA: Aleksander Valsvik og Vik får ikkje spela heimekamp mot Førde 2 i ettermiddag, grunna det heftige uvéret som herjar på Vestlandet. (Foto: Endre Romøren)

Uvéret stoppa kampen i Vik

Det blir ikkje kamp mot Førde 2 i dag.

Publisert 15.09.2019 kl. 11.43.

Opprykksjagande Vik skulle spelt heimekamp mot Førde 2 i 5. divisjon i ettermiddag, men kampen blei utsett då sunnfjordingane ikkje ville ut på vegen grunna uvêret som herjar Vestlandet denne helga.


Det er førebels ikkje bestemt når kampen blir sett opp på ny.


Nærmar seg

Vik toppar divisjonen med 33 poeng i det fire serierundar står att av årets sesong.


Andreplasserte Stryn 2 har 31, men desse kan ikkje rykkja opp. Dermed er Jølster næraste utfordrar med sine 28 poeng.


Det betyr at opprykket er innan nær rekkjevidd for vikjene, som teoretisk sett kan sikra dette allereie om to kampar, viss resultata går deira veg.


Les meir om: Sport Fotball Vik

Siste saker Gå til framsida