HEKTISK SOMMAR: Jon-Hermann Hegg skal delta i både VM og EM i sommar. (Arkivfoto)

Utteken til VM og EM

Det blir ein travel sommar for Jon-Hermann Hegg.

Publisert 23.05.2017 kl. 09.38. Oppdatert kl. 09.45.

Skyttaren frå Lærdal er éin av 12 utøvarar som er teken ut til junior-VM og junior-EM i skyting. Han skal delta i 50 meter heilmatch og 50 meter liggjande på begge stemna.


VM blir arrangert i tyske Suhl i slutten av juni, medan EM går av stabelen i Baku i Aserbajdsjan i månadsskiftet juli/august.


- Uttaka blir basert på uttakskriterium for rifle, sportslege, økonomiske og taktiske vurderingar. Uttaksstemner er gjennomført på både 10 meter luftrifle og 50 meter rifle, skriv Norges Skytterforbund på sine nettsider.


Lærdølen er trippelt noregsmeister i skyting, og satsar for fullt på sporten via studiar ved Norges Toppidrettsgymnas på Kongsvinger.


Les meir om: Sport Lærdal Skyting