VAKKERT: Ulrik Flo dundra inn 4-0 scoringa til Sogndal på vakkert vis. (Foto: Morten Sortland)

Uavgjort, uavgjort, uavgjort, uavgjort, uavgjort, siger!

Joachim Soltvedt og Ulrik Flo scora to kvar då Sogndal banka Jerv 4-0.

Publisert 20.10.2019 kl. 17.01. Oppdatert kl. 20.17.

Sogndal tok kommandoen frå start i heimemøtet med Jerv, og allereie etter åtte minutt tok laget leiinga.


Joachim Soltvedt fekk ballen inne i 16-meteren, og frå litt skrå vinkel nølte han ikkje. Bergesaren banka til på direkten, og limte ballen på innsida av nettveggen nede ved lengste stolpe.


Klønemål til 2-0

Etter 20 minutt kom dagens andre for heimelaget.


Gjestene kløna det til i eige forsvar, sogndølen Bjørnar Hove skulle heada ballen attende til ein utrustande Øystein Øvretveit, men enda opp med setja den til side for keeperen.


Ulrik Flo jaga ballen over streken, og dermed stod det 2-0.


Deretter skjedde det ikkje så mykje, utanom at Jerv kom til eit par farlege innlegg som Sogndal måtte klarera framfor eige mål.


I sluttfasen av omgangen fekk Eirik Schulze ballen i god posisjon etter fint førearbeid av Sixten Jensen, men lysluggen sleiva og ballen gjekk til kast.


Soltvedt igjen - og perle frå Flo

Sogndal heldt oppe konsentrasjonen og trykket etter pause, og ti minutt inn i omgangen kom det tredje for dagen.


Flo skaffa frispark på 17 meter, Soltvedt var nådelaus med venstresleggja på ny, og sette kontant kula i keeperhjørna til 3-0.


Heimelaget hadde fleire gode angrep i perioden etter dette, og kvarteret før slutt blei det jubel på ny:


Flo kom seg fri ute på høgresida, krumma nakken og banka vakkert inn 4-0 bak ein sjanselaus Øvretveit.


Dermed vann Sogndal mot Jerv for første gong på seks forsøk sidan 2015, ettersom dei fem siste møta mellom laga alle (!) har enda med poengdeling.