FIRE FEIL VEG: Jens-Ivar Nilsen og Fjøra fekk fire ballar i sekken i dagens heimetap mot Lysekloster.

Tungt for Fjøra - sjå måla her

Dei to 3. divisjonslaga hadde ganske ulike opplevingar då dei var i aksjon på søndag.

Publisert 12.05.2019 kl. 00.01. Oppdatert kl. 18.13.

Fjørene tapte 1-4 i dagens heimemøte med Lysekloster, etter å ha kome under 0-3 allereie til pause.


Gjestene fekk ein mann utvist tidleg i andre omgang, men gjekk likevel opp til 0-4 då timen var spelt.


Mathias Sunde Årdal jobba inn reduseringa minuttet før full tid.


Dermed tapte dei raude sin fjerde kamp av fem moglege etter fjorårets opprykk frå 4. divisjon.


Sjå måla frå kampen i videovindauget under.



Banka Valdres

For Sogndal 2 blei søndagen - som også var fin for Manchester City-fansen - langt lysare.


Valdres blei slått 4-0 på bortebane, der Erlend Grov noterte seg for hat-trick, medan Mathias Sundberg scora det fjerde for laget.


Dermed har mannskapet til Nils Tore Krosshaug plukka fine ni poeng på dei fem første serierundane, og ligg på femteplass på tabellen.


Les meir om: Sport Fotball Sogndal