TAP: Tomas Totland og Ulrik Fredriksen måtte tola tap i første kamp av U20-VM, då det blei 1-3 mot Uruguay fredag kveld.

Tung VM-start for bergensarane - superstart for Adams

Det gjekk begge vegar for Sogndal sine tre representantar i første runde av U20-VM i Polen fredag.

Publisert 25.05.2019 kl. 09.42.

Ulrik Fredriksen, Tomas Totland og det norske landslaget fekk det ikkje lett mot sterke Uruguay, og måtte til slutt gje tapt 1-3.


Fredriksen spelte heile kampen, medan Totland sat på benken og såg at sør-amerikanarane scora to gonger mellom det 20. og 30. minutt.


Christian Dahle Borchgrevink reduserte like etter pause, men tre minutt før slutt blei tapet stadfesta då Brian Rodriguez ordna 1-3.


Nordmennene har likevel ein god sjanse til å ta seg vidare frå gruppespelet: I dei to neste kampane mot New Zealand (måndag) og Honduras (torsdag) bør dei ha gode moglegheiter til å hevda seg, og truleg vil fire poeng frå desse 180 minuttane halda til avansement.


Gøy for Adams

For Jerome Akor Adams og Nigeria gjekk det langt betre same dag.


Dei grøne feia over Qatar, og kunne til slutt jubla for sigeren 4-0.


Adams byrja kampen på benken, men fekk spela siste halvdel av andre omgang.


Dei to andre laga i gruppa er Ukraina og USA.