TOPP 20: Sara-Sofie Hegg (frå v.), Madelen Fosse Skagen og Ingeborg Indrehus gjekk alle inn til topp 20-plassering i 11-årsklassen på Liatoppen laurdag. (Foto: Trude Undebakke)

Treffsikre ungjenter

Vik sine unge skiskyttarjenter var i treffsikre hjørna under Liatoppen Skiskyttarfestival i helga.

Publisert 05.04.2017 kl. 15.00.

På normaldistansen laurdag skaut Ingeborg Indrehus åtte av ti treff, og gjekk inn til ein sterk 15.-plass i 11-årsklassen. Madelen Fosse Skagen fekk seks treff og 17.-plass i same klassen, medan Sara-Sofie Hegg trefte fem gonger og enda på plassen bak Skagen.


- Det var skikkeleg imponerande, seier leiar i Vik ski- og skiskyting, Trude Undebakke.


Fullt hus

Same dag gjekk Jon Bjarte Rinde inn til tredjeplass i guteklassen, etter å ha skote fullt hus med ti treff.


Søndag stod fellesstart på programmet, der Anne Birthe Rinde fekk 19.-plass med sju treff, medan Victoria Midland Harbakk kom like bak på 21.-plass med 9 treff. Maria Bertine Sleire Tistel skaut ned åtte blinkar og enda på 27.-plass, medan Kristine Heimdal Aase blei nummer 34 etter fire treff.


- Jentene imponerte med gjennomføringsvilje på det aller siste rennet for sesongen. No skal me kvila ei stund, før tankane etter kvart går mot førebuing fram mot ein ny sesong, seier Undebakke.


Les meir om: Sport Skiskyting Vik