FEM MEDALJAR: Madelen Fosse Skagen, Rebekkea Midlang Harbakk, Nathalie Holen Årevik og Sara-Sofie Africa Hegg sikra seg totalt fem medaljar under KM i skiskyting på Voss i helga. (Foto: Jorunn Åsfrid Røyrvik)

Treffsikre Nathalie tok gull og sølv under KM

Det blei totalt fem medaljar til Vik då krinsmeisterskapet i skiskyting blei arrangert på Voss i helga.

Publisert 04.03.2019 kl. 11.47.

Nathalie Holen Årevik stod bak to av desse i J14-klassen:


Ho gjekk sigrande ut av sprinten på laurdag, og følgde opp med sølv på normaldistansen dagen etter.


Årevik leverte god skyting, der seriane 1-1 og 2-0 gjorde at ho fekk ned åtte av ti blinkar på begge renna.


- Det var strålande innsats med medalje to dagar på rad, seier leiar i skiskyttargruppa i Vik IL, Trude Undebakke.


To sølv, eit bronse

Laurdagen var ein god dag for vikjene på Voss.


I J13 blei det sølv til Madelen Skagen Fosse og bronse til Sara-Sofie Africa Hegg, medan Rebekka Midlang Harbakk tok bronse i J15.


J12 er for ungt til å gje KM-tittel, men det blir likevel ført resultatlister. Andrea Heimdal Aase kom på tredjeplass laurdag, medan ho blei nummer to søndag etter å ha treft på ni av ti skot.


Les meir om: Sport Skiskyting Vik