Madelen Skagen Fosse (11, t.v) og Sara-Sofie Hegg (11) skaut begge fullt hus på sprinten under Vestlandsmeisterskapen i skiskyting på Voss søndag. (Foto: Kåre Espeland)

Tre skaut fullt hus

Vikjajentene viste seg som svært treffsikre under Vestlandsmeisterskapen på Voss.

Publisert 13.02.2017 kl. 12.00.

Under sprinten søndag sikra Sara-Sofie Hegg (11), Madelen Skagen Fosse (11) og Maria Sleire Tistel (15) seg alle diamant etter å ha levert feilfritt på standplass.


Hegg gjekk sigrande ut av 11-årsklassen etter sin perfekte skyteserie, Skagen Fosse kom på plassen bak, medan Sleire Tistel gjekk i mål som nummer fire på resultatlista i klassen for 15-åringar.


To medaljar

I dei eldre klassane sikra Vik seg to medaljar under søndagens konkurranse. Anne Birthe Rinde (15) skaut ni av ti treff då ho gjekk inn til bronsemedalje, og Ragnar Finden (18) enda opp med same valør etter seks treff i sin klasse.


Finden hadde ei god helg i skiskyttaranlegget på Voss, ettersom han også gjekk inn til gull på normaldistansen dagen før. Det gjorde også Marius Årestrup Larsen (17). Komande helg skal desse i aksjon i noregscupen.


Les meir om: Sport Skiskyting Vik