NYTT TAP: Syril står framleis utan poeng i 4. divisjon. Laurdag blei det 2-3 tap for Høyang på heimebane.

Tøff start for Syril i 4. divisjon

Tapte 2- 3 for Høyang på heimebane.

Publisert 11.05.2019 kl. 17.56.

Laget står så langt utan poeng. Laurdag hadde Syril  banespelet og skapte sjansar, men gjestene var vassare framfor mål.


Høyang leia 2-0 før Morten Mangerøy Helland reduserte for heimelaget og fastsette pauseresultatet til 1-2. Etter kvilen utlikna Andrè Thorsnes Talle, før Høyang avgjorde kampen 25 minutt før slutt.


Siger for Kaupanger - tap for Årdal

Kaupanger møtte Bremanger heime på Kvednhushaugen og drog i land ein 1-0 siger etter scoring av Sigurd Stenehjem. Det må nemnast at bortelaget fekk sjå to raude kort i kampen.


Årdal FK hadde ein vanskeleg bortekamp mot Eid og tapte til slutt 1-3. Truls Hovland sette inn Årdal sitt mål.


Studentane vann

Studenspretten sikra seg tre viktige poeng i heimemøtet med Dale.


Studentane vann til slutt 3-2 etter scoringar av Christopher Steensohn, Pål Madsen Gundegjerde og Magnus Bjørvik.