VINN ELLER FORSVINN: Martin Ove Roseth og Steffen Ernemann var med på å tapa 0-1 mot KFUM Oslo, men skal likevel spela kvalifisering om opprykk.

Tapte mot KFUM, men: HamKam berga kvalifisering for Sogndal på overtid

Tre minutt på overtid ordna Jo Nymo Matland sjetteplass og kvalik i årets 1. divisjon for Sogndal. No ventar Kongsvinger på det lange vegen mot elitespel i 2020.

Publisert 09.11.2019 kl. 14.46. Oppdatert kl. 17.37.

Sogndølene tapte 0-1 mot KFUM Oslo i sesongens siste seriekamp, og såg ut til å vera ferdigspelte i 2019 då det stod 2-2 mellom HamKam og Nest-Sotra på Hamar.


Det resultatet dytta Eirik Bakke sine menn ned på sjuandeplass, men tre minutt på overtid endra alt seg på Briskeby stadion: Heimelaget fekk frispark på 17 meter, Jo Nymo Matland gjorde seg klar, skrudde inn 3-2 - og løfta Sogndal opp på sjetteplass.


Kongsvinger vann på same tid 2-0 mot Jerv, dermed blir dei motstandar på Gjemselund i den første kvalifiseringskampen.


 


Lang veg

Dette gjer at Sogndal får den lengst mogleg vegen mot eliteseriespel i 2020.


Først må dei ta seg forbi Kongsvinger, deretter ventar KFUM på bortebane, og skulle dei vinna der er Start og Martin Ramsland motstandar - også det på bortebane.


Bakke har uttala seg kritisk om dette oppsettet - som blei bestemt på fotballtinget i mars - og sagt at det må ha vore noko som blei bestemt på eit julebord.


Klønemål

Sogndal fekk kampens første sjanse etter sju minutt, då Ulrik Flo kom åleine med heimelagets keeper.


Vinkelen var rett nok litt skrå, og spissen sette ballen rett på den utrustande sisteskansen.


Kvarteret seinare var det endå nærare: Kula blei slått hardt inn framfor mål, Tomas Kristoffersen hælsparka frå seks meter, men diverre gjekk det frekke forsøket rett på keeper.


Fire minutt før pause tok i staden heimelaget leiinga.


Igoh Ogbu og Martin Ove Roseth kræsja inn i kvarandre på eit gjennomspel, dermed kom Abdul-Basit Agouda åleine med Mathias Dyngeland og tuppa ballen i nettet.


Ingen sluttspurt

Etter éin time fekk Joachim Soltvedt ein god sjanse til å utlikna då han prøvde seg frå 12 meter, men forsøket gjekk rett på keeper.


Den siste halvtimen kom det eigentleg aldri nokon sluttspurt frå gjestene, sjølv om dei offensive spelarane Jerome Akor Adams og Andreas Hoven kom på bana.


Det blei aldri eit skikkeleg trøkk eller press mot heimelaget sitt mål, som ganske komfortabelt rodde i land sigeren og fjerdeplassen i årets 1. divisjon.


Men slik ettermiddagen utarta seg skal Sogndal vera glade for at dei framleis er med.


Når kampen mot Kongsvinger blir spelt er førebels usikkert, då Sogndal har spelarar på landslag den dagen kampen er sett opp - 17. november. No blir den truleg flytta.