SJU: Ramona Szabo dunka inn sju mål då Jotun tok sesongens andre siger i 3. divisjon søndag ettermiddag.

Szabo herja då Jotun sikra to viktige poeng

Årdølene gjekk sigrande ut av botnkampen mot Gloppen.

Publisert 20.01.2019 kl. 17.59. Oppdatert kl. 18.00.

Jotun vann 25-22 på heimebane mot Gloppen i 3. divisjon søndag ettermiddag. Stillinga til pause var 13-13.


Sigeren var av den svært viktige sorten, då berre to poeng skilde nest-jumboen og tabelljumboen før avkast i Årdalshallen.


No har Jotun ei luke på fire poeng ned til Gloppen på nedrykksplass, og tok dermed eit stort steg mot fornya kontrakt på nivået.


Ramona Szabo blei toppscorar for Jotun med sju mål, medan Kristine Lindborg og Marianne Stedje Øren også var friske med sine fem og fire scoringar.


Les meir om: Sport Handball Årdal