BRONSE: Inge Audun Kjoberg løfta til bronse i markløft under EM i strkeløft. (Foto: Skjermdump, European Powerlifting Federtion)

Systrending løfta til bronse i EM

Inge Audun Kjoberg sette norsk rekord og sikra seg EM-bronse i markløft.

Publisert 01.12.2018 kl. 10.34.

Kjoberg er frå Leikanger og løftar for Sogndal IL. Junioren deltok onsdag denne veka i 120-kilo klassen på EM i styrkeløft som vart arrangert i Kaunas i Litauen.


Bronse

Kjoberg starta ein anstrengande dag med 270 kg i knebøy, noko som var heile 12,5 kg over personleg rekord. Han følgde opp med 180 kg i benkpress, også det ny personleg rekord med 10 kg.


Den siste greina var markløft, som er Kjoberg si sterkaste øving. Her blei det norsk-italiensk duell om tredjeplassen, og då Kjoberg avslutta med 312,5 kg på stanga sikra han bronsemedaljen.


Då hadde han i løpet av dagen gjort ni løft på til saman 2210 kg. Det heldt til ein åttandeplass samanlagt for alle tre øvingane.


- Fantastisk

- Fantastisk løfting av Inge. Han har trent veldig seriøst og målretta og er dyktig på å jobba med teknikk og skadeførebyggjande øvingar. Som trenar er det svært gledeleg når slike utøvarar lukkast, seier ein stornøgd landslagstrenar for juniorar, Jørgen Andreas Hansen,  til Norges styrkeløftforbund si facebook-side.


Kjoberg deltok i sitt aller første styrkeløftstemne i juli 2016. I april i fjor blei han juniornoregsmeister i 105-kilos klassen, og i september blei det bronse i nordisk meisterskap i 120-kilos klassen. Han har ei stund hatt Olympiatoppen i ryggen, slik at det blir litt lettare å få kombinasjonen trening og studiar til å gå i hop.


Les meir om: Sport Leikanger Sogndal

Siste saker Gå til framsida