MÅLSUS: Helge Gjerde Eggum scora eitt av måla for Syril i kampen mot Jølster. (Foto: Ørjan Talle)

Syril ordna biffen

Vann 2-0 på bortebane.

Publisert 31.08.2018 kl. 20.10.

Syril dundrar vidare i 5. divisjon. Fredag kveld vann dei 2-0 borte mot Jølster.  Helge Gjerde Eggum og Marius Aaberge scora måla i kampen. 


Sigeren gjer at Syril no står bokført med heile 37 poeng på 13 kampar. Dermed leiar gjengen frå Leikanger 5. divisjon med fire poeng på Høyang og har ein kamp mindre spelt. Det luktar med andre ord opprykk lang veg. 


 


Les meir om: Sport Fotball Leikanger