REISER: Ole Amund Sveen (29) reiser frå Sogndal og held fram karrieren i Bodø/Glimt.

Sveen går til Glimt: - Føler eg fortener å få prøva meg på det nivået igjen

Ole Amund Sveen (29) blir Bodø/Glimt-spelar frå 1. august.

Publisert 10.06.2019 kl. 15.34. Oppdatert kl. 15.36.

Ole Amund Sveen blir Bodø/Glimt-spelar frå 1. august, skriv Sogndal Fotball på sine nettsider.


- Eg har jobba steinhardt for å nå målet om å spela i eliteserien igjen. I løpet av karrieren min har eg spelt éin skikkeleg sesong i på det nivået, og eg er 29 år. Eg føler eg fortener å få prøva meg på det nivået igjen, seier Sveen om overgangen.


Han braut begge leggbeina mot Stabæk tidleg i april 2017, og kom først attende på bana i årets sesong.


- Eg skulle gjerne vore med vidare i Sogndal, og det blir tøft å reisa herfrå. Eg har hatt fine år her. Når eg likevel reiser er dette for å få spela eliteseriefotball, og eg gler meg til å ta fatt i Bodø, seier han.


Ville forlengja

Sogndal prøvde å forlengja kontrakten med angrepspelaren, som spelte heile kampen då Sandefjord blei slått 3-0 i førre serierunde.


- Me har jobba ei tid for å resignera Ole Amund. Spelaren hadde fått eit tilbod frå oss, då me veldig gjerne ville ha han med oss vidare. Då eliteserielaget Bodø/Glimt kom på bana, skjønte me at det ville bli vanskeleg å halde på han i Sogndal. At han fekk denne sjansen i Bodø, er veldig kjekt for Ole Amund. Eg skulle gjerne sett han spel< i kvitedrakta framover, men ønskjer han mykje lukke til i Bodø, seier sportsleg leiar Håvard Flo til klubben sine nettsider.


Siste saker Gå til framsida