PERLE: Anders Nord dunka vakkert inn det andre av Sogndal sine tre mål i 3-1 sigeren over Honka. (Foto: Håvard Nesbø)

Sundberg, Nord og Halset sikra Sogndal-siger i Europa-debuten

Sogndal vann 3-1 mot FC Honka i klubben sin første kamp i Europa nokon gong.

Publisert 02.10.2019 kl. 20.20. Oppdatert kl. 21.01.

Sogndal tok kommandoen frå start i den første kampen klubben har spelt på europeisk nivå, og allereie etter to minutt small det, men ikkje i form av eit skot:


Sivert Mannsverk kasta seg inn i ei takling i eit forsøk på å vinna att ballen høgt, og fekk seg ein smell i overkroppen. Campus blei stille, men årdølen kom seg kjapt på beina att.


Åtte minutt seinare var ballen i nærleiken av mål for første gong, då eit innlegg frå Eivind Helgesen segla mot lengste kryss og gjekk like utanfor.


Nesten frå Mannsverk

Halvveges ut i omgangen prøvde Mannsverk seg med skotfoten.


Han fekk bra dreis på skotet frå 22 meter, som bortekeeper Roope Paunio fekk fista over tverrliggjaren.


På corneren dunka Elias Mittet eit hardt og godt innlegg midt framfor mål, der ein heimespelar nesten fekk hovudet på ballen.


 


Honka i føringa

Sogndal hadde god kontroll på kampen på dette tidspunktet, men åtte minutt før pause skar det seg for heimelaget.


Honka spelte seg fri på høgresida og kom heilt ned til dødlinja, ballen blei slått 45 grader ut i boks og der var Martin Salin på rett plass og dunka inn 0-1.


Tre minutt seinare sydde finnane saman eit nytt fint angrep etter gode kombinasjonar på éin touch, slik at Robbie Azodo blei spelt fri på venstresida. Han skar inn i boks, men skotet gjekk utanfor.


 


To kjappe

Like etter det kom utlikninga.


Helgesen kom seg rundt på høgresida, innlegget framfor mål var lågt og presist, Mathias Sundberg brukte éin touch på å få kontroll på kula, før han banka inn 1-1.


To minutt seinare small det på nytt. Mannsverk dribla seg leikent inn i 16-meteren, ballen gjekk vidare til Anders Nord, han drog seg fri på fem meter med ein lekker dragning, og klistra deretter ballen på innsida av nettveggen ved lengste stolpe.


 


Enorm sjanse

Fem minutt inn i andre omgang burde det stått 3-1.


Kasper Bordvik blei spelt åleine med keeper, det blei retur, den hamna hjå Eirik Stokkenes, som fekk svakt treff frå ti meter slik at gjestene kunne klarera på streken.


Minuttet etter rota Sogndal det til bakover, Azodo kom åleine med Håvard Hetle, men han brukte den svære kroppen sin til å stoppa skotet.


Laget frå Esbo tok meir over i denne fasen av kampen, og kom seg til fleire farlege situasjonar inne i boksen til sogndølene, utan at det førte til scoring.


 


Halset til 3-1

Kampen stod og vippa på dette tidspunktet, men så gjekk Sogndal opp i 3-1.


Mannsverk brukte hovmeistarblikket til å tre ballen gjennom Honka sitt midtbaneledd, Elias Mittet kom på skot frå 20 meter, keeper gav ein litt klønete retur, og der var vikjen Vegard Halset på rett plass og breisida sikkert inn dagens tredje for nordmennene.