GOD FORM: Gøran Wigum har styrt Studentspretten til fem sigrar på dei seks siste kampane. (Foto: Endre Romøren)

Studentane senka Syril - sjå høgdepunkta her

Vann 1-0.

Publisert 07.06.2019 kl. 21.50. Oppdatert kl. 00.40.

Studentspretten vann 1-0 i fredagens heimemøte med Syril på Kvåle stadion.


Sigersmålt kom seks minutt før slutt, då Thomas Minde fekk ballen i nettet etter ein tett situasjon inne i 16-meteren.


Heimelaget styrte mykje av spelet mot dei lågtliggjande gjestene, som satsa mest på kontringar.


Sjå høgdepunkta i videovindauget under.



Få - men store sjansar

Det tok likevel ei stund før det blei skikkeleg farleg, då Pål Gundegjerde heada i tverrliggjaren åtte minutt før pause.


Minuttet før pause var det nesten for Syril, då Anders Lunde Hjeltnes gjorde ein god jobb på høgresida, slo inn, det blei avslutta, før Rainer Pando fekk blokkert i siste liten.


Timen ut i kampen stoppa Syril ei heading på streken, og kvarteret etter der at gjekk ballen i stolpen på ny, denne gongen i feil retning frå ein bortespelar.


Femte sigeren

Men så avgjorde Minde, og dermed har studentane løfta seg etter den svake starten på årets sesong.


No står dei nemleg med fem sigrar på dei seks siste kampane, og er med i tetstriden i divisjonen.


For Syril ser det tyngre ut, då dei ligg heilt sist med fattige tre poeng av 24 moglege så langt.