STOR SJANSE: Eirik Schulze fekk ein megasjanse berre minuttet ut i kampen, men trefte ikkje ballen. Her frå ein anna situasjon seinare i første omgang. (Foto: Morten Sortland)

Straffescoring sikra Sogndal tre poeng på overtid

Vann 1-0 over Nest-Sotra i ein real slitekamp på Fosshaugane.

Publisert 30.09.2018 kl. 17.27. Oppdatert kl. 19.55.

Sogndal fekk ein enorm dobbelsjanse allereie i det kampuret passerte 60 sekund: Akeem Latifu slo presist inn frå høgre, ballen enda hjå Eirik Schulze, som skaut luft frå fem meter.


Dermed gjekk kula i staden vidare til Sixten Jensen, som sette den rett i venstrearmen til bortekeeper Egil Selvik.


Daudt - og sjansar på overtid

Deretter skjedde det... ingenting dei neste 44 minuttane.


Heimelaget brukte ballen mykje på eigen halvdel, men sleit med å finna opningar hjå eit lågtliggjande Nest-Sotra. Ballførar hadde oftast stilleståande alternativ å slå opp på, og då blei det ikkje akkurat krut i kanona.


Gjestene tok få sjansar og hadde heller ikkje mykje å by på framover i bana, men på overtid kunne fort begge laga scora. 


Først slo Nest eit frispark hardt inn frå venstre, der det blei ei real mølje framfor målet til Mathias Dyngeland. I nokre sekund var det usikkert kvar ballen enda opp, men heldigvis for Sogndal gjekk den utanfor.


Like etter blei plutseleg Eirik Birkelund servert på 15 meter, men den upressa bergensaren var ikkje svolten og breisida ballen halvmeteren til side for mål.


Spesiell situasjon

Det første kvarteret etter varmepausen innanfor lune garderobeveggar hadde Nest-Sotra ballen mykje, utan at det skjedde noko meir.


I det 63. minutt fekk Jensen ein ny sjanse, denne gongen frå 12 meter, men skotet gjekk over tverrliggjaren.


Kort tid seinare skjedde kom ein heller spesiell situasjon: Innbytar Sondre Liseth kjempa seg frå Per-Magnus Steiring på midtstreken, og hadde plutseleg fri bane mot mål.


Men dommaren let fordelsparagrafen liggja, og valde i staden å blåsa frispark til Liseth, ei avgjerd dei grøne var mindre nøgde med.


Straffe på overtid

Det siste kvarteret pressa Nest-Sotra mest på i jakta på sigeren, og hadde nokre farlege situasjonar inne i heimeboksen.


Men på overtid blei Sogndal frelste. Innbytar Akor Jerome Adams blei holdt på Tore André Flo-vis inne i 16-meteren, og dommar Daniel Higraff peika på straffemerket.


Joachim Soltvedt sette ballen lågt og hardt i nettet til 1-0.


I det siste overtidsminuttet heada Nest-Sotra frå fire meter, men der var Dyngeland med ei megaredning og berga sigeren for Sogndal.


Siste saker Gå til framsida