TO: Jerome Akor Adams (19) noterte seg for to scoringar då Sogndal 2 banka Fjøra 4-0 måndag.

Storsiger for Sogndal 2 - sjå alle scoringane her

Det tok fyr etter pause i måndagens lokaloppgjer på Fosshaugane Campus.

Publisert 17.06.2019 kl. 12.17. Oppdatert kl. 21.16.

Det blei ingen scoringar dei første 45 minuttane mellom Sogndal 2 og Fjøra, men etter kvilen blei det meir fart over sakene for det kvite og svarte "heimelaget".


Mathias Sundberg kom godt frå søndagens dugnad som portabel kiosk under a-laget sin kamp, og no var han i staden i aksjon sjølv. Fem minutt inn i omgangen sette han inn 1-0.


Alle måla frå kampen kan du sjå i videovindauget under.



Adams-show

Deretter var det Jerome Akor Adams som stjal showet.


19-åringen har vore vekke mykje av vårsesongen grunna U20-VM og førebuingar til dette, men er no attende på Vestlandet.


Etter 55 minutt dobla han til 2-0, og ti minutt før slutt ordna han sitt andre for dagen til 3-0.


Like etter gjorde midtbanedynamoen Erlend Grov storsigeren komplett til 4-0.


Heng med

Dermed held Nils Tore Krosshaug fram med å levera gode resultat med sitt mannskap, som heng med på øvre halvdel i 3. divisjon med sin sjetteplass etter ti serierundar.


For Fjøra går det noko tyngre, dei er nummer 11, og har eitt poeng margin ned til Vestfossen på feil side av nedrykksstreken.