TIL MJØNDALEN: Per Magnus Steiring speler for eliteserieklubben ut sesongen. (Arkivfoto)

Steiring til eliteserien

Per Magnus Steiring skal spela for Mjøndalen ut sesongen.

Publisert 04.09.2019 kl. 15.47. Oppdatert kl. 15.52.

Sogndal Fotball og Eliteserie-klubben Mjøndalen er samde om ein utlånsavtale for Per Magnus Steiring ut sesongen 2019. Det skriv Sogndal Fotball på nettsidene.


Det er kome ein ny regel for spelarar i alderen 18-22 år. Dette gjer utlånsavtalen mogleg, trass i at overgangsvindauget er stengt. 


- Per Magnus er veldig motivert for å bidra for Mjøndalen, som ligg litt utsett til på tabellen. Han får no speletid i Eliteserien og ein liten restart i karrieren sin i form av nye impulsar og nytt miljø, seier sportsleg leiar Håvard Flo til klubben sine nettsider. 


 


Siste saker Gå til framsida