SJANSAR: Sigurd Haugen kunne gitt Sogndal leiinga før pause mot Sandnes, men fekk ikkje ballen innafor stengene. Sogndal tapte 0-1. (Foto: Rune Sjøberg)

Sogndal tapte for sjette gong på åtte kampar

Rauk 0-1 på bortebane mot Sandnes Ulf søndag.

Publisert 07.10.2018 kl. 17.06. Oppdatert kl. 19.54.

Allereie før to minutt var spelt fekk Sigurd Haugen ein god sjanse til å heada gjestene i føringa.


Innlegget på bakre stolpe frå Akeem Latifu var presist, men frå fire meter stanga spissen ballen til side for mål. 


Sogndal dominerte det meste av banespelet dei første 20 minuttane, der midtbaneduoen Ulrik Fredriksen og Eirik Birkelund var flinke til å styra det som gjekk føre seg ute på den litt humptete grasbana.


Dette gjorde at Latifu og backkollega Tomas Totland ofte kom seg høgt i bana, slik at sogndølene ofte skapte overtal mot heimelaget.


Nesten gonger to

Dei lyseblå klarte å ta litt meir tak i ballen midtveges i omgangen, utan at bursdagsbarnet Mathias Dyngeland blei sett på nokre prøver.


I staden hamna Haugen i sentrum på ny. Først gjekk han og Eirik Schulze i vegen for kvarandre inne i 16-meteren etter 26 minutt, der begge prøvde å avslutta på ein sprettball på 12 meter. Men begge enda opp med å forstyrra den andre, dermed rann sjansen ut i sanden.


Kort tid før pause storma Haugen i gjennom og avslutta mot mål, men ein heimeforsvarar var med på notane og fekk blokkert skotet.


Nytta seg av feil

Lite skjedde det første kvarteret av andre omgang, fram til gjestene tok leiinga litt ut av ingenting.


Eit innlegg frå høgre såg ut som grei forsvarsmat for Sogndal, men Per-Magnus Steiring stussa ballen bakover, slik at Sanel Kapidzic plutseleg fekk ei gåvepakke på bakre stolpe.


Èin meter frå mål var det den enklaste oppgåva i verda å setja ballen i mål. 1-0.


Sandnes var nærast å auka leiinga etter dette, medan Sogndal ikkje klarte å mobilisera nokon sluttspurt å skriva heim om den siste halvtimen.


Dette var sogndølene sitt sjette tap på åtte kampar i 1. divisjon, og no er dette berre ei luke på fire poeng til Sandnes Ulf på utsida av kvalifiseringsplassane.


Siste saker Gå til framsida