NOK EIT TAP: Lars Christian Kjemhus og Sogndal gjekk på sitt femte tap av seks moglege då dei rauk 0-2 mot Viking. (Foto: Rune Sjøberg)

Sogndal tapte for femte gong på seks kampar

Måtte reisa heim frå Stavanger med 0-2 i sekken.

Publisert 23.09.2018 kl. 13.33. Oppdatert kl. 16.52.

Sogndal førte mykje av spelet i kampens første 20 minut, utan at dei klarte å skapa trøbbel for heimelaget inne i deira 16-meter.


Dei to første sjansane kom i staden til Bjarne Berntsen sine menn. Etter 24 minutt plukka Tommy Høiland opp ballen etter ein corner, og slo den på første stolpe mot Kristian Thorstvedt. Keeper-sonen prøvde å flikka ballen vidare mot mål, men trefte nettveggen.


Ti minutt seinare var Høiland nære ved å gjera det sjølv. Ylldren Ibrahimaj piska eit innlegg framfor mål, der spissen var centimeter frå å skli kula i ope bur.


Tendensar

Like etter kom gjestene med to brukbare forsøk.


Først skaut Lars Christian Kjemhus halvmeteren over lengste kryss frå 17 meter, deretter drog Sigurd Haugen seg fri nede til venstre og slo hardt inn, men heimeforsvaret fekk klarert like framfor nasen på Sogndal-spelarane som venta framfor mål.


Sogndal spelte seg elles fram til gode innleggs-posisjonar fleire gonger i løpet av dei første 45 minuttane, men diverre var ikkje presisjonen på avleveringane god nok. 


Like før pause

To minutt før pause small det.


Viking braut eit Sogndal-oppspel på midtbana, Høiland fekk ballen inne sentralt og spelte kjapt i gjennom til Ylldren Ibrahimaj.


Han gjorde ingen feil åleine med Mathias Dyngeland, og trilla kontrollert inn 1-0.


Megasjanse og straffesituasjon

Sogndal kom offensivt ut i jakta på utlikning i andre omgang.


I det 57. minutt spelte Tomas Totland vegg og kom seg heilt ned til dødlinja, han spelte ut til Sigurd Haugen, som svakt breisida ballen over frå seks meter.


Like etter meinte Eirik Schulze at han blei hekta då han gjekk over ende inne i 16-meteren, men dommaren var ikkje samd i det, og vinka spelet vidare.


Perlemål til 2-0

Sogndal styrte det meste i denne perioden, men så sa det i staden bang på ny den andre enden.


Kristian Thorstvedt blei spelt fri sentralt, han dribla Nikita Baranov på ratata, og frå 18 meter dunka han ballen kontant i nettet bak Dyngeland til 0-3.


Kvarteret før slutt burde det blitt 0-3. Per-Magnus Steiring rota vekk ballen på eigen halvdel, den blei spelt til Ibrahimaj, som skaut klokkereint i stolpen frå 12 meter.


Adams-bom

Sju minutt før slutt burde innbytar Jerome Akor Adams redusert for Sogndal.


Eirik Schulze fyrte av frå 20 meter, Amund Wichne gav retur, slik at Adams fekk heile målet å sikta på frå fire meter. Men nigerianaren fekk eit slurvete treff, slik at ballen enkelt hamna i klypene til Wichne.


Siste saker Gå til framsida