SÅPE: Andreas Hoven kunne skote Sogndal i føringa tidleg i kampen, men hadde såpe på skoen. Det blei tap 0-1. (Foto: Rune Sjøberg)

Sogndal svikta i dei avgjerande situasjonane - no er sesongen over

0-1.

Publisert 23.11.2019 kl. 16.07. Oppdatert kl. 22.21.

Kvarteret ut i kampen tok heimelaget leiinga.


Ballen blei slått inn att i feltet etter at corner blei klarert, på bakre stolpe fekk Edvard Skagestad stå åleine, og kunne enkelt heada inn 0-1.


I opningsfasen av kampen hadde Sogndal to gode sjansar til å ta leiinga, men begge blei skusla vekk på svake motttak.


Etter 90 sekund rota Tomas Totland ballen over dødlinja etter eit fint gjennomspel frå Joachim Soltvedt, og ni minutt seinare fekk Andreas Hoven ein gigasjanse til å scora.


Han blei servert på 12 meter, men hadde såpe på fotballskoen, og fekk aldri avslutta.


Merkverdig frå Jensen

Midtveges ut i omgangen fekk Sogndal ein enorm overgangsmoglegheit, og storma i angrep med halve laget.


Sixten Jensen fekk ballen ute til høgre og hadde fire mann å sikta på framfor mål, men i staden for å skyta sjølv - eller slå hardt inn - valde han ein merkverdig chipp, som blei altfor høg og upresis.


Dermed rann den tredje gode sjansen ut i sanden for gjestene, grunna unøyaktigheit...


11 minutt før pause heldt heimelaget på å kontra inn 0-2, men avslutninga frå skrå vinkel gjekk i Mathias Dyngeland og ut til kast.


Fem minutt før pause stoppa heimekeeper Ali Ahamada eit Soltvedt-frispark, før han også var på plass med labben då Ulrik Flo prøvde seg på returen.


Like før pause fekk Kongsvinger frispark på 19 meter, forsøket var godt, men Dyngeland henta fram ei praktredning.


Ny redning

Minuttet etter pause kom det eit nytt tigersprang frå Dyngeland, då Ibrahim heada mot lengste stolpe frå fem meter.


Så skjedde det lite, før Sogndal plutseleg fekk ein enorm sjanse kvarteret før slutt. Jerome Akor Adams brukte kjempekreftene og kom seg rundt på høgre, han slo til Soltvedt, men Ahamada henta på ny fram ein god redning nede ved stolpen på skotet hans.


Same mann prøvde seg på ny like etter frå god posisjon etter ein sleivete klarering frå heimelaget, men det gjekk utanfor.


Meir skjedde ikkje, og snipp, snapp, snute - så var 2019-sesongen ute.