LEGG OPP: Bjørn Helge Riise legg opp. (Foto: Morten Sortland)

Sogndal-spelar Bjørn Helge Riise legg opp

No har han store trenarambisjonar.

Publisert 03.01.2019 kl. 19.25.

- Avgjerda tok eg i jula, men den har lege der ei stund, eg har tenkt lenge på dette. No er den tatt, og målet er å få meg jobb som fotballtrener så raskt som mogleg, for å kunne videreutvikla meg, seier Bjørn Helge Riise til VG.


Sunnmøringen kom til Sogndal i august same dag som overgangsvindauget stengde. Kontrakten varte ut 2018. No har fotballspelaren valt å leggja opp.


Riise har litt av ein CV å sjå tilbake på. 35-åringen har vore innom Standard Liège, FC Brussel, Lillestrøm, Fulham, Sheffield United, Portsmouth og Aalesund. I sistnemnde klubb fekk han 62 kampar og noterte seg for fire scoringar.


 


Les meir om: Sport Sogndal Fotball