SNUDDE: Sogndal bomma og bomma før pause, men etter kvilen fekk Martin Ramsland og kompani for alvor hol på byllen. (Foto: Morten Sortland)

Sogndal skrudde på alle sylindrane og sikra årets første siger

Vann 4-1 i dagens heimemøte med Notodden.

Publisert 14.04.2019 kl. 16.52. Oppdatert kl. 19.52.

Sju minutt var spelt i den tredje serierunden då Sigurd Haugen ikkje kunne kome nærare scoring.


Spissen blei spelt i gjennom av Steffen Ernemann, og fekk til ein god avslutning trass i at vinkelen var litt skrå.


Skotet gjekk via keeper, i tverrliggjaren og vidare i stolperota før bortelaget fekk klarert. Ein enorm sjanse, men dei berømte marginane var ikkje på sogndølene si side.


Bakke scora mot Bakke

I staden small det andre vegen, igjen.


Eirik Schulze slo ein uforståeleg svak tversoverpasning midt på bana, Notodden braut og sette fart ved André Bakke. Han kom seg ut av tre (!) 50-50-situasjonar, slik at han plutseleg var inne på sju meter og enkelt kunne dunka 0-1 i nettet.


Knusktørt

Haugen hadde ein brukbar sjanse på heading på bakre stolpe litt seinare, før han burde fått årets første målgjevande åtte minutt før pause.


Gjennomspelet til Martin Ramsland var perfekt, han kom heilt åleine med keeper, men var rett og slett knusktørr då han skulle avslutta, og sette ballen svakt rett på keeper.


Like etter blei det komikveld: Haugen sleppte ballen vidare til Ramsland på 14 meter, han kunne skyta, men fekk ein litt dårleg touch og serverte i staden vidare til Alioune Ndour, som enda opp med å snubla i eigne bein og ramla i det han skulle skyta frå perfekt posisjon.


Fem minutt før pause kom Haugen åleine med keeper på ny, men denne gongen var skotet svakt og trilla trist ein meter til side for mål.


Ndour snudde

31 minutt ut i kampen blei Joachim Soltvedt hanka av bana, medan lagets einaste målscorar til då i årets sesong, nemnde Ndour, kom inn.


Det betalte seg seks minutt etter pause. Sogndal kontra, Ramsland spelte ein perfekt ball til senegalesaren, som kontrollert sette ballen nede ved lengste stolperot til 1-1.


11 minutt seinare var same mann på farten igjen. 21-åringen fekk ballen ute på høgresida, drog seg litt innover i bana og sendte av garde eit hardt skot som tok bortekeeper Nils Johansson på senga på næraste stolpe. 2-1.


Årets første for Ramsland

Kvarteret før slutt sat dagens tredje for Sogndal.


Eirik Schulze slo eit innlegg med bearnaise-saus på frå venstre, til ein Ramsland som hadde sprunge seg heilt fri på bakre stolpe.


Han heldt roen, dempa kula og breisida trygt inn 3-1.


Like etter dundra Ndour i gjennom i jakta på sitt hat-trick, og såg ut til å bli dregen over ende, men straffespark var tydeligvis ikkje ein del av regelboka denne gongen.


...og for Haugen

No opna slusene seg, og det blei ein real spissfest ute på Fosshaugane-matta.


Ni minutt før slutt gjorde Haugen slik Sogndal Kommune er så glad i - delte ut ei parkeringsbot - sprang seg fri på venstresida og vippa elegant inn 4-1 frå skrå vinkel.


Siste saker Gå til framsida