Sogndal møter Hødd i andre runde

Publisert 06.05.2019 kl. 16.38.

Det er no klart at Sogndal møter Hødd på Høddvoll i andre runde i NM for menn. Det melder Norges Fotballforbund. 


- Det me har teke omsyn til er at dei lågast rangerte laga får motstandar frå Eliteserien eller OBOS-ligaen. Samstundes prøvar me å avgrensa reisebelastninga, og unngå lag som har spelt mot kvarandre i nær fortid. Det er ikkje alltid alle kriteria vert oppfylte i alle kampar, men det er ein vanskeleg kabal og eg tykkjer det er mange fine kampar. Eg trur og håpar at me klarar å skapa mange fine fotballfestar med dette oppsettet, seier Rune Pedersen i NFFs konkurranseavdeling.


Det er også klart at Florø møter Aalesund heime i Florø i denne runden.


Kampane går onsdag 22. mai klokka 18.