BERGENSARDUELL: Kasper Skaanes blei matchvinnar i dagens møte med Joachim Soltvedt og Sogndal. (Foto: Rune Sjøberg)

Sogndal med gigasjansar på overtid - men Start drog i land sigeren

Sogndal tapte 0-1 i dagens bortemøte med Start.

Publisert 31.08.2019 kl. 14.43. Oppdatert kl. 18.13.

Dei to laga utlikna kvarandre sine styrkar den første halvtimen, der begge mannskapa var dyktige til å ta ut dei farlege punkta hjå motstandaren.


Nokolunde nære var det først etter 27 minutt, då heimelaget kom seg rundt på høgresida. Ein hard ball blei dunka inn framfor mål, men der var eit Sogndal-hovud på rett plass og fekk klarert kula over eigen tverrliggjar.


Start tok etter kvart over meir av banespelet og skapte i små periodar eit trykk mot Sogndal-målet ved hjelp av ein nokre farlege innlegg frå sidene, men gjestene var oftast først på ballen og fekk klarert.


Eirik Bakke sine menn var tolmodige i bruken av ballen dei gongene dei fekk roa ned, og spelte seg fram til 16-meteren til dei gule ved ein del høve. Diverre mangla det litt på den siste avleveringa, difor blei ikkje keeper Jonas Deumeland sett på dei store prøvane dei første 45 minuttane.


Skaanes lurte inn 1-0

Dei første 30 minuttan etter pause var eigentleg ganske like på første omgang; med andre ord så skjedde det lite å føra opp i sjansestatistikken.


Men kvarteret før slutt sat den for heimelaget.


Det blei slått inn frå høgre, innbytar Stefan Antonijevic oppheva offsiden, og på ti meter blei Kasper Skaanes omtrent treft av ballen, slik at den lurte seg inn ved stolperota til venstre for Mathias Dyngeland.


Kanonade

Djupt inn i overtida fekk Sogndal nokre vanvittige sjansar til å utlikna, men fleire skotforsøk inne i boksen blei blokkert, og Start klarte å ri av kanonaden.


Dermed enda den ganske jamne kampen med ein knapp siger til heimelaget.