FØRSTE: Sivert Mannsverk scora sitt første mål for Sogndal då han sette inn 1-0 i dagens bortemøte med Skeid. Men det blei 2-2 til slutt. (Foto: Rune Sjøberg)

Sogndal leia 2-0, men rota det til mot eit av botnlaga i divisjonen

Det enda med poengdeling for Sogndal mot Skeid.

Publisert 18.09.2019 kl. 17.14. Oppdatert kl. 19.50.

Heimelaget Skeid var det beste laget dei første 14 minuttane på Intility Arena, der dei mellom anna var småfarleg frampå med eit brassespark frå Taofeek Ismaheel.


Sogndal sleit med det høge presset til dei raude, og brukte denne fasen av kampen på å få til eit par pasningar etter kvarandre.


Men så sat ballen plutseleg i nota. Sivert Mannsverk slo eit lågt innlegg frå venstre, ballen gjekk forbi både Kristoffer Hoven og Eirik Schulze, og enda opp med å snika seg inn nede ved lengste stolperot. 1-0.


Ny Hoven-bom

Andreas Hoven brende to feite sjansar mot Sandefjord for tre dagar sidan, og dette prega han tydelegvis framleis i dagens kamp.


Fem minutt etter scoringa fekk han ballen på eit nypolert sølvfat etter eit Joachim Soltvedt-innlegg frå venstre, og hadde all verdas tid til å dobla leiinga.


Men kantspelaren sleiva i det han skulle breisida ballen i mål, og sette den svakt utanfor.


To kjappe

Etter 28 minutt var Mannsverk sentral igjen då det blei 2-0.


Skotet hans etter ein corner blei blokkert, han heada deretter ballen mot bakre stolpe, der Eirik Schulze var høgast og heada inn 2-0.


Men Adam var ikkje lenge i paradis på Oslo Øst. Skeid gjekk rett i angrep frå avspark, ballen blei slått i mellom Igoh Ogbu og Tomas Totland, der kom Johannes Nunez og dunka vakkert inn reduseringa på heil volley.


Skeid var dyktige i kombinasjonsspelet og fann plass mellom linjene til Sogndal, og spelte seg til eit par sjansar til som fort kunne resultert i scoring før pause.


Men det skjedde ikkje, dermed gjekk gjestene i garderoben med ei noko heldig 2-1 leiing.


 


Nesten

Sju minutt etter pause kunne Hoven revansjert seg.


Soltvedt fann han med ein ny god pasning, han skaut frå ti meter, men forsøket blei blokkert.


Like etter prøvde Mannsverk seg med eit godt forsøk frå hjørna av 16-meteren, som segla like over lengste kryss.


Tullemål

Sogndal såg ut til å klara å styra i land sigeren ut over i kampen, men det sette eit idiotisk baklengsmål ein effektiv stoppar for.


Martin Ove Roseth forlot sona si, tok med seg ballen opp i bana og mista den. Tomas Kristoffersen dunka klareringa rett i ein Skeid-spelar, det blei innlegg, der bomma Igoh Ogbu på markeringa, og Nunez gjorde 2-2.


Like etter fekk heimelaget ein ny gigasjanse til å ta leiinga, men denne gongen brende dei ballen over frå fem meter mot eit Sogndal med fullt lys på samtlege panikklamper.


Deretter måtte Dyngeland ut i full strekk på eit godt skot frå 20 meter.


Stod i vegen

På overtid fekk Kristoffersen stjernetreff frå 20 meter, men då stod Schulze i vegen og blokkerte skotet.


Dermed; 2-2.