SCORA: Allereie før åtte minutt var spelt breisida Tomas Totland 1-0 i nettet for Sogndal. Men det blei til slutt tap 2-3. (Foto: Håvard Nesbø)

Sogndal kunne jubla først, men fekk det deretter tøft mot Aalesund

Det enda 2-3 mellom Sogndal og Aalesund.

Publisert 17.08.2019 kl. 14.20. Oppdatert kl. 18.35.

Knappe åtte minutt var spelt på Fosshaugane då det smalt framfor Saftkokaradn.


Sixten Jensen storma ned høgresida, såg opp og slo ein god bak i feltet. Der kom vingback-kollega Tomas Totland frå motsatt kant, og breisida kontrollert ballen i nettet frå 12 meter.


Like etter kunne gjestene utlikna då dei kombinerte seg gjennom inne til høgre i boksen, men Niklas Castro sitt skot frå seks meter gjekk i nettveggen.


Sogndal sitt unge mannskap heldt fram slik som mot Notodden, der dei brukte ballen, var tolmodige og bygde opp fleire gode angrep.


Éin av dei beste framgangsmåtane var dei gongene dei bygde opp på den eine sida, for deretter å vri kjapt til den motsatte vingbacken og kanten. Dette skapte strekk i Aalesund, og berre litt betre presisjon i sluttfasen mangla på at dette kunne resultert i klarare målsjansar.


Nesten for Castro

Dei neste 25 minuttane etter scoringane skjedde det difor ganske lite framfor dei to måla, før Castro plutseleg fekk ein ny sjanse:


Eit langt utspel gjekk over alle, spissen kom åleine med Dyngeland, men under hardt press frå Eirik Lereng sette han ballen rett på keeper.


På overtid av omgangen prøvde Holmbert Fridjonsson seg på frispark frå 19-20 meter, men den gode venstrefoten hans trefte muren og dermed gjekk Sogndal til pause med leiing.


Utlikning og stolpeskot

Sju minutt etter pause sat utlikninga for Aalesund.


Ein corner blei slått mot bakre stolpe, heada inn att i feltet, der stod Daniel Gretarsson og banka inn 1-1 på halvvolley.


Då timen var spelt sat nesten 2-1 for Sogndal. Joachim Soltvedt trefte perfekt med eit innlegg på bakre stolpe mot Ulrik Flo, som heada ballen via ein bortespelar og i stolpen.


Snudde

20 minutt før slutt kom 1-2.


Aalesund slo inn frå høgre, Aron Thrandarson sprang seg fri frå eit heimeforsvar som vinka på offside, og heada inn 1-2 under kroppen til Dyngeland.


Seks minutt før slutt rota Ulrik Fredriksen vekk ballen på veg framover, slik at Aalesund kunne kontra med heile banehalvdelen å boltra seg på.


Pape Habib Gueye kom åleine med Dyngeland, og trilla sikkert 1-3 mellom beina hans.


Fem minutt på overtid reduserte Jerome Akor Adams til 2-3, då han sikkert scora åleine med keeper.